Hopp til hovedinnhold

Alterskåp frå Vor Frue Kirke, Aarhus

I Vor Frue Kirke i Aarhus står det eit alterskåp frå tidleg 1500-tal. Ein av helgenane som figurerer på denne altertavla er Olav den heilage, og dette er dermed eit godt vitnesbyrd om olavskulten si utbreiing i mellomalder-Danmark.

Vor Frue Kirke er rekna for å vere den gamle Nikolai-kyrkja. Dette var Aarhus si fyrste domkyrkje før Klemens-kyrkja vart bygd på 1190-talet. Vor Frue vart overteken av dominikanarordenen tidleg på 1200-talet. Det nye namnet – Vor Frue – dukkar fyrst opp i eit kongebrev frå 1558.

  • 1/1
    Vor Frue Kirke, Aarhus Steffen Hope
  • 1/1
    Midtskipet i Vor Frue Kirke, Aarhus, sett mot alterskåpet. Steffen Hope

Alterskåpet vart truleg tilverka i verkstaden til den kjende bilethoggaren Claus Berg, som var aktiv i Danmark frå 1505 og utetter 1520-talet. Skåpet har eit hovudbilete som berre er synleg på bestemte festdagar, og som elles er dekt av to dører. Hovudbiletet syner Jesu krossfesting, og på innsida av dørene ser vi utskorne figurar som representerer dei tolv apostlane og fire helgenar. Dette vert kalla alterskåpet si «festdagsstilling».

  • 1/1
    Alterskåpet i Vor Frue Kirke, Aarhus. Steffen Hope

Når dørene på alterskåpet er attlatne står skåpet i den såkalla «kvardagsstillinga». Då syner dei to dørene Maria si himmelkroning flankert av fleire helgenar, og på kvar side av alterskåpet ser vi to fløyer. På den høgre fløya ser vi ei framstilling av Anna – mor til Maria – saman med Maria og Jesusbarnet. Denne framstillinga av tre generasjonar av Jesu familie kallar vi «Anna sjølv tredje». På venstre fløy finn vi Olav den heilage.

  • 1/1
    Alterskåpet i Vor Frue Kirke, Aarhus. Himmelkroninga er flankert av følgjande helgenar (frå øvst til høgre og med klokka): Antonius av Egypt, ein apostel (truleg evangelisten Johannes), Kristoffer med Jesusbarnet på ryggen, Katarina av Alexandria, Barbara, og Maria Magdalena. Steffen Hope

Framstillinga av Olav er typisk for seinmellomalderen. Helgenkongen har eit langt, todelt skjegg, og han er kledd i rustning og raud kappe. På hovudet har han ein hatt med fjørpryd. I høgre handa held Olav øksa som er hovudsymbolet hans, og her er den framstilt som ein seinmellomaldersk hellebard. I venstre hand held han ein kuleforma gjenstand som anten er rikseplet eller eit ciborium (eit kar for oppbevaring av nattverdsbrødet). Med venstre foten trakkar Olav på halen til ein drage med menneskehovud som ligg ved føtene hans. Dragen har eit menneskehovud med krone, og ansiktet kan seiast å likne på Olav sitt, sjølv om skjegget er annleis. I bakgrunnen er der eit flatt kystlandskap, som mogelegvis er meint å skulle syne ei typisk dansk strand.

  • 1/1
    Olav den heilage i tidstypisk seinmellomaldersk mundur. Steffen Hope

Olav den heilage var ein viktig helgen i Jylland. Ei av kyrkjene i Aarhus var vigsla til den norske helgenkongen, og der var fleire olavskyrkjer lenger nord på halvøya. Alterskåpet i Vor Frue Kirke syner at Olav var viktig heilt fram til reformasjonen.