Soga, sagd om mange menn det stend segn og sol av,
rister eg her i rad og rim om den heilage Olav.
Viking og vonde blotmann ut han or villskap fria,
lærde dei lyda kvite Krist og den milde Maria.
Soli sunnan kveiktest lint over sjø og strender;
blokker og blomar livna fram under dei blåe fenner.
Troll og tussar tunge sterk i stein han støytte;
rått og rote med rot han reiv, hardhug i blod han bløytte.
Gamle gudar ramla; reint han romet sopa,
nøydde gamle Noreg inn i det unge Europa.
Folket sveik sin drottin, dreiv han ut or landeviste;
drap han og søkte i fem hundre år råd og hjelp ved hans kiste.
Referanser
Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Utarbeid av ei nemd besående av Prost B.Th. Anker, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland og folkehøgskulestyrar Ingvald Forfang. J.W. Cappelens forlag 4. opplaget. Godkjend av Kyrkje og Undervisningsdepartementet 1. april 1941
Olavssporet er sendt inn av Borghild Lundeby