Hopp til hovedinnhold

Gutasoga

 

Gutasoga er tittelen på ei historisk oversikt over Gotland, skrive på gutnisk, øya sitt folkespråk. Det eldste tekstvitnet til soga er handskriftet Holm B 64 som i dag er bevart i Kungliga Biblioteket, Stockholm. Dette handskriftet er frå midten av 1300-talet, som vil seie at det vart skrive i tida kring danskane si erobring av Visby i 1361. I tillegg til Gutasoga inneheld handskriftet også den gotlandske lova. Sjølve Gutasoga vart truleg skriven tidleg i fyrste halvdel av 1200-talet.

I Gutasoga vert det fortalt at Olav den heilage stoppa på Gotland då han flykta frå Noreg til Holmgard. Her møtte han den lokale stormannen Ormika og utveksla gåver med han. Ormika vart kristna av Olav, og han bygde eit bønehus – «bynahus» – på garden sin. Olav får dermed æra av å vere den fyrste som innfører kristendomen på Gotland, sjølv om han berre omvende ein enkelt person. Seinare i teksten får vi vite at kristendomen spreidde seg på Gotland takka vere handelsfolk som vart omvende i utlandet, og som så tok med seg prestar attende til øya.

Det er uvisst når og korleis olavskulten fyrst kom til Gotland, men der er mange vitnesbyrd om at den var både omfattande og populær. 

Teksten er omsett til engelsk av Christine Peel, og utgjeven som Guta saga: The History of the Gotlanders i 1999.