Hopp til hovedinnhold

Legenda Aurea (1483)

I 1483 gav boktrykkaren Ulrich Zell (1430-1507) ut ei samling helgenlegender i Köln. Samlinga fekk tittelen Legenda Aurea, Den gylne legenda. Tittelen er teken frå ei liknande samling som vart sett saman av dominikanarmunken Jacobus av Voragine kring 1260. Jacobus si legendesamling var svært populær og vart både kopiert og omsett til ulike folkespråk. Mange av desse utgåvene – både på latin og på folkespråk – vart utvida med nye legender. Ulrich Zell si latinske utgåve inneheld fleire helgenlegender som Jacobus ikkje inkluderte, og ei av desse er ein versjon av olavslegenda (fol.306v-308r).

I både kapitteloverskrifta og den alfabetiske innhaldsoversikta, som står heilt fyrst i boka, vert Olav omtala som «konge av Noreg og Danmark». Denne legenda er basert på Passio Olavi og Miracula Olavi, men inneheld mange nye element. Til dømes vert det nemnt at Øresund vert skapt under Olav sin kappseglas mot Harald Hardråde, og vi les at Olav vart krossfest. Truleg har denne versjonen oppstått utanfor Noreg, og er nok sterkt påverka av munnlege tradisjonar blant handelsfolk i Nord-Tyskland og Danmark. Ei altertavle frå Andenes kyrkje inneheld ei framstilling av Olav si krossfesting, og syner at denne versjonen av olavslegenda også var kjend i Noreg i seinmellomalderen. Altertavla vart laga i Lübeck kring år 1500, og er no i kunstamlinga ved Universitetet i Tromsø.