Hopp til hovedinnhold

Olavssong

Olavssong av Lars Eskeland. Tone nr. 310 fra Tonesamling til "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag", av Olaus Alvestad.

Dagen var fager; men solen seig i hav,

tidene gode dei døydde; 

herlegge gåver som fedrar oss gav, 

sårt vart i uåri snøydde. 

No att me reiser or grus og or grav / alt det øydde. 


Fint skal me samlast til sysken ein gong, 

semjast med godhug og mynja. 

Kristmenn og krossmenn og kongsmenn hev trong 

heimen sin opp att å yngja. 

Vigsla oss Gud! og ein nyskirsla song / skal me syngja. 


Hjarta si harpe er målet åt mor, 

strengene livet hev spunne, 

ja kvar ein streng er ei livståg av ord, 

alle or hjarta hev runne. 

Harpa me fram att til samsongen stor / heve funne. 


Difor skal høgst gjennom kyrkje og hall 

tonane livna og strøyma, 

via oss inn til det herlege kall 

soga åt oss ville gøyma: 

ala til liv det som vismann og skald / kunne drøyma. 


Fager er lii, og her vil me bu, 

her vil me hegna og yrkja, 

her vil me byggja med von og med tru 

både vår heim og vår kyrkja. 

Fagert er landet som eg og som du / fekk å dyrkja.

Referanser

Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Utarbeid av ei nemd besående av Prost B.Th. Anker, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland og folkehøgskulestyrar Ingvald Forfang. J.W. Cappelens forlag 4. opplaget. Godkjend av Kyrkje og Undervisningsdepartementet 1. april 1941


Olavssporet er sendt inn av Borghild Lundeby

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1