Olsok av Anders Hovden. Tone I roselund, nr. 140 i Koralbok for den norske kirke.
Heil deg, du fagre ljosens her
som gjekk framover jordi
og som eit Herrens grødevêr
vann fram med sanningsordi!
Du som med velde viljen gav
og for di livssak glødde
og aldri flira og slo av,
men heller leidd og blødde!
Det raudaste og beste blod
sitt Stiklestad hev funne,
men sidan som eit såkorn-flod
raust over landet runne.
Og sanninsgordi fekk sin merg
just av det dyre blodet
og stråla opp som blomeberg
i dogg mot morgonrode.
Dei som gjeng fyrst og brøyter lei
i lange framgangsferdi,
dei femner full si bringe dei,
av kvasse fiend-sverdi.
Men under deira tanke-tjeld,
der heinmsens framtid glødde,
finn born av dei sin åre-eld
som vitlaust ned dei trødde.
Heil deg, du fagre ljosnes her,
som gjeng framover jordi
og som eit Herrens grødevêr
vinn fram med sanningsordi!
Sæl den som gjeng i stridens leik
av all sin hug og vilje
heilt frå sin fyrste ungddomskveik
til han ligg bleik på tilje!
Referanser
Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Utarbeid av ei nemd besående av Prost B.Th. Anker, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland og folkehøgskulestyrar Ingvald Forfang. J.W. Cappelens forlag 4. opplaget. Godkjend av Kyrkje og Undervisningsdepartementet 1. april 1941.
Olavssporet er sendt inn av Borghild Lundeby