Hopp til hovedinnhold

Olsok-graut

Olsok-grauten er ein del av olsokfeiringa på den norske landsbygda.

Olsok-graut er nemninga på grauten som vart laga på olsok. Ettersom olsok var ein festdag skulle grauten vere eit høgtidsmåltid. Kristian Bing nemner at det var vanleg å koke grauten på rømme og havremjøl for å få grauten så feit som mogeleg, men elles vart òg mjølk, kjernemjølk, og byggmjøl nytta.

Sidan olsok er i slåttonna vart olsok-grauten eit høve til å bryte opp ein strevsam arbeidsrytme som prega sommarkvardagen. Om ein åt olsok-grauten heime på garden eller på støylen var til dels avhengig av kor i landet ein var, og kor langt graset eller kornet var kome. Av same grunn vart grauten laga til anten heime på garden eller på støylen. I nokre tilfelle kledde ein seg i finklede.

Det var heller sjeldan at kornet var modent kring olsok, og derfor var det gjerne ekstra høgtidsamt om ein kunne koke olsok-grauten på korn som var skore det året heller enn korn frå året før.