Hopp til hovedinnhold

Olsok og kleggen

Kleggen er eitt av dei mange dyra som har vorte gjenstand for folkelege førestillingar. Nokre av desse handlar om olsok

I norsk folketru vert det sagt at kleggen vert rolegare etter olsok. Denne førestillinga finn ein mange stadar i landet, og den er notert i Nordfjord, Sunnfjord, Voss, Agder og Telemark. At kleggen roar seg er ikkje alltid knytt til olsok. I Hallingdal skjer dette kring larsok (10. august), medan i Ryfylke er det allereie syftesok (2. juli).

Forklaringa på kvifor kleggen vert mindre aggressiv etter olsok finst i to variantar, men dei er tydelegvis av same opphav. På Vestlandet og i Telemark vert det sagt at kleggen står til brudgom kring olsok og får skore vengjene sine i denne tida. Derfor flyg han ikkje så godt etterpå. Den andre varianten finn vi til dømes i Mandal. Her er det huldra som skal gifte seg, og ho skjer vengjene av kleggen. Det er uklart om huldra nyttar vengjene til mat eller til pynt.  

Der er mogelegvis ei kopling mellom desse fortala om kleggen og ei førestilling som vi møter på i den franske utopiske romanen La Terre Australe connu («Sydlandet oppdaga»), skrive av Gabriel de Foigny og trykt i 1676. I kapittel 10 kjem forfattaren med ei oversikt over område som ikkje er plaga av enkelte dyr. Her nemner han at i Trondheim finst der ikkje makkar («vers»). Sjølv om det er eit anna dyr enn kleggen, og sjølv om korkje Olav eller olsok vert nemnt, høyrer nok denne idéen saman med eldre tankar om at nokre helgenar hadde makt over dyr.