I det tradisjonelle norske jordbruket var det vanleg å bruke enkelte dagar i årshjulet for å seie korleis vêret kom til å bli den komande perioden. Dette kunne dreie seg om langtidsvarsel eller for kortare periodar. Olsok var ein av desse dagane, noko som truleg skuldast at olsok var ei høgtid og derfor ein dag det var lett å orientere seg ut frå for heile grannelaget. Til dømes var det mindre praktisk å skulle bruke 30. juni som ein slik merkedag, for dette var ikkje ein sjølvstendig merkedag, og den ville heller ha blitt omtala som dagen etter olsok.
Langs kysten og i fjordane var det vanleg at olsok kom med eit vêrskifte. Om det byrja regne på denne tida meinte ein at det kom til å vare ei god stund. I ei bok om norsk folkemeteorologi av Ole Nordgaard siterer han eit ordtak frå Frosta. Her heiter det: «Er Olavsdagen vaad / skal bonden høste med graad». På Vestlandet finn ein gjerne uttrykket «olsok-røyta» om denne perioden med vedvarande regn, men det vert også omtala som «olsok-flaumen». Namnet «olsok-reppen» førekjem også. Ordet «røyta» peikar på at regnet fekk kornet til å rotne.