I norsk folketru er der mange førestillingar om skjora. Dette skuldast nok i stor grad at skjora byggjer reir i nærleiken av gardar og hus og held seg på same stad gjennom heile året. På denne måten har folk vore i stand til å leggje merkje til korleis skjora endrar utsjånad eller åtferd i løpet av årshjulet, og dette har gjeve grobotn til ulike forteljingar. Ettersom skjora myter – altså feller fjør – utetter sommaren, har folk lagt merke til at den ser svært rufsete ut kring olsoktider. I tillegg er skjora mindre synleg i denne perioden, anten fordi ho er mindre aktiv tidleg i mytinga eller også fordi skjorungane er utvaksne og derfor forlèt reiret. Den nære kontakten mellom skjor og menneske har resultert i førestillingar om olsok-skjora, og desse kan delast inn i minst fire hovudkategoriar.
Den eine hovudkategorien handlar om at skjorene dreg av stad for å sverje eidar. Ikkje alle skjorene kjem attende frå eidsverjinga, og i Mandal heitte det at dei som hadde svore falskt var ruskete å sjå til.
Den andre hovudkategorien er knytt til huldra. Her vert det sagt at skjorene dreg til huldra i fjellet for å verte vegne. Dei av skjorene som har rette vekta tek huldra vare på hjå seg, medan dei som er for lette vert slopne ut att etter fjorten dagar. Ettersom huldra alltid beheld nokre av skjorene vert det derfor ikkje fleire skjorer i området frå år til år. Når skjorene kjem til huldra vert dei skubba inn i fjellet, og dette gjer at fuglane vert bustete i fjørhamen. Kristian Bing har føreslått at denne førestillinga har gjeve opphav til dei to siste hovudkategoriane, men det er vanskeleg å seie for sikkert kva for nokre førestillingar som har kome fyrst og sist i norsk folketru.
Den tredje hovudkategorien fortel at skjora dreg til Helvete i staden for å dra til huldra. Her dreg skjora høyet i hus for Djevelen. Ein kan framleis sjå merka etter seletøyet som den har brukt for å drage høyet, og dette forklarar kvifor fjørdrakta ser annleis ut. Dette vert fortalt frå Trøndelag, Sunnfjord, Seljord, Bø i Telemark, og i Østfold. I Trøndelag vart dette rekna som ei straff for skjora. Olav Bø nemner ei svensk folketru som hevdar at Djevelen kokte suppe på dei feitaste skjorefjørene.
Den fjerde hovudkategorien er knytt til Olav den heilage, og har nok utvikla seg frå hovudkategori nummer to. Her vert det fortalt at skjorene dreg til Olav for å verte vegne. Medan han veg dei legg Olav ein ring eller eit band kring halsen på dei. I ein variant av denne førestillinga skal den tyngste skjora vere leiar for dei andre, medan ein annan variant fortel at Olav den heilage beheldt den tyngste skjora sjølv. Anders Bernhoft-Osa har notert ein litt meir detaljert variant. Her vert det fortalt at dersom ei skjor vog under ei mark – det vil seie kring eit kvart kilo – skulle denne gå til Djevelen. Men om skjora vog over ei mark drog Olav den heilage ut nokre av fjørene kring halsen, slik at det vart eit ringforma merke. Dette skulle syne at skjora var tung nok. Desse førestillingane er særleg kjende frå Setesdalen.
I desse fire hovudkategoriane ser vi fleire element som går att. Desse har alle har vakse ut av ein kombinasjon av at folk har observert endringar i skjora si åtferd utetter året, samt at folk tek element frå menneskeverda og overfører dei til dyreverda. Slik vert det til at skjora sver eidar eller dreg til Helvete for å hjelpe til i slåttonna. At skjora dreg til anten huldra, Djevelen eller Olav den heilage syner at folketrua ofte kjem i ulike variantar, og at dei same elementa vert nytta i ulike men gjenkjennelege kombinasjonar.