Hopp til hovedinnhold

Olsok-stimen

Olsok-stimen er eitt av namna på fiskestimane som ofte synte seg i sjøen og elvane kring olsok-tider.

Utetter sommaren kom laksen inn mot kysten og drog opp elvane for å gyte. Ved kysten av det som før var Bergens stift, og som no er Bjørgvin bispedøme, vart det sagt at laksen kom inn i fem store stimar i løpet av sommaren. Den største av desse var den femte, og den vart omtala som «olsok-stimen». Dersom laksen var feit kom det til å bli eit godt år, men om laksen var mager ville året bli dårleg. Om laksen blødde mykje medan han vart avliva vart dette rekna som eit teikn på at det ville verte mykje regn og torevêr.

I Telemark og Agder nytta dei namnet «olsok-flaumen», medan i Vest-Agder sa dei òg «åleflaumen» fordi det var fyrst og fremst ålen dei venta kring olsok.

I Søgne og på Jæren vart den fyrste sjøauren kalla «olsok-bleike». Bleike er eit vanleg namn på sjøauren.

Der er elles mange andre førestillingar knytt til fisket kring olsok. I Masfjord vart det sagt at laks og sjøaure ikkje gjekk i garnet før olsok. Her meinte dei òg at silda gjekk høgt i sjøen før olsok og lågt i sjøen etter. I Alværsund rekna dei med at det var fyrst etter olsok kom silda til å vere feit og god. På Voss vart det sagt at etter olsok kom fisken til å bite i fjellvatna. I Etnedal og Engerdal meinte dei at dersom det bles nordavind på olsok vil ein ikkje få fisk i garna.