Hopp til hovedinnhold

Olsokreven

Olsokreven er eitt av mange omgrep knytt til norsk folketru, og er ei åtvaring til bøndene om at ein ikkje må vente for lenge med å slå.

Olsokreven er eit omgrep som er særleg kjent frå Vestlandet. Ulike dialektvariantar inkluderer «olsokke-røven» (Fjærland), «olsøkerøvinn» (Aurland), «olsokrøvinn» (Høyanger), og «olsokurøvinn» (Vossestranda).

Omgrepet er knytt til førestillinga om at det er naudsynt å få så og så mykje høy på låven innan olsok, slik at ikkje olsokreven kjem og drit på låvegolvet. Dersom det hende, kom ein ikkje til å ha tilstrekkeleg med fôr til våren.

Det er uklart i kva grad olsokreven vart oppfatta som eit fysisk dyr som kom til garden kring olsok, eller om det i hovudsak var eit bilete som vart nytta til å formidle bodskapen om kor viktig det var å få tilstrekkeleg høy gjennom vinteren og våren. Begge oppfatningane var truleg vanlege.  

Ettersom jordbruket er inndelt i arbeidsoppgåver knytt til bestemte sesongar, var det vanleg å bruke enkelte datoar som merke på når desse oppgåvene skulle gjerast for å sikre at ein hadde nok fôr, mat og ved til å klare seg til neste sommar.

Det var mange førestillingar knytt til olsok. I tillegg til å bestemme arbeidsrytmen var dette også ein dato kor ein tok vêrmerke, det vil seie at ein tolka teikn på korleis vêret kom til å bli i ei tid framover.

Førestillinga om olsokreven kombinerer to grunntankar i norsk folketru. Den eine er tanken om at arbeidet måtte gjerast innan ein viss dato. Den andre tanken er at slik ting var på ein bestemt dato fortalde noko om korleis ting kom til å verte i framtida.