Hopp til hovedinnhold

Olsoksalme

Olsoksalme av Elias Blix. Tone Vår Gud han er, nr. 245 i Koralbok for den norske kirke.

Vår Gud, deg være lov og ros / og æra utan ende, 

at du ditt sæle sanningsljos / til våre strender sende! 

Du valde deg ein mann / som ved din nåde vann 

å kristne Noregs folk / og tala som din tolk 

til oss på norrøn tunga. 

Fram kristmenn, krossmenn, konungsmenn! / Det merket 

Olav reiste. 


For Kristi kross hans hjarta brenn / til siste livsens gneiste. 

Kong Olav seig i blod, / men krossens merke stod 

så fast i Noregs jord / at frå hans grav Guds ord 

for sigerferd om landet. 


Med Olav og hans kongeætt / rann Noregs gode stjerna. 

For kristendom og landsens rett / i eitt dei ville verna. 

Dei Noregs lukka såg / I Guds og Olavs log; 

i Kristi tru dei fann / for folk og fedreland 

den beste skjold og verja. 


No skin i landet nytt det ljos / som rann med Olav konge. 

Kristkyrkja stend i Nidaros / nyreist frå tider tronge. 

Og ordet av Guds munn / gror nytt på gamal grunn. 

Gud, lat det halda ved / til seinste ætteled 

å skapa liv i landet! 


Så fram med Gud, til siger fram / fram under krossens merke! 

Gjer ikkje våre fedrar skam, / som stod i trui sterke 

og fram med merket steig / til under det dei seig! 

Lat opp til dei oss sjå / og trutt i striden stå 

for Gud og gamle Noreg! 


Vår Gud, som Olav gav det kall / å byggja Noregs kyrkja 

og reisa landet ved sitt fall, / du óg vår tru må styrkja 

å verja til vår grav / den arv oss Olav gav! 

Og kva som koma må / å Gud, lat krossen stå 

som Noregs sigermerke!

Referanser

Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Utarbeid av ei nemd besående av Prost B.Th. Anker, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland og folkehøgskulestyrar Ingvald Forfang. J.W. Cappelens forlag 4. opplaget. Godkjend av Kyrkje og Undervisningsdepartementet 1. april 1941.


Olavssporet er sendt inn av Borghild Lundeby

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1