Hopp til hovedinnhold

Passionael (1492)

I 1492 gav boktrykkaren Steffen Arndes (d.1519), som då arbeidde i Lübeck, ut ei ny og utvida utgåve av ei samling helgenlegender på lågtysk. Samlinga er kjend både som Passionael og som Das Leuend der Hÿlghen (bokstaveleg tala «Liva til dei heilage»). Den fyrste utgåva hadde blitt trykt i 1488. Utgåva frå 1492 inneheld eit kapittel om Olav den heilage (fol.89v-91r). Dette er ei omsetjing av ei latinsk legende som sirkulerte i Nordsjø-området i seinmellomalderen, og som truleg oppstod i Danmark eller i dei nordtyske handelsbyane. Legenda er delvis basert på Passio Olavi og Miracula Olavi, men inneheld fleire nye element. For ei kort oversikt over desse elementa, sjå artikkelen om Legenda Aurea av Ulrich Zell (1483). Arndes kan ha nytta Zell si utgåve som grunnlag for den lågtyske omsetjinga.  

  • 1/1
    Syddansk Universitetsbibliotek RARA M 15, fol.89v-90r (foto: Steffen Hope)

Til den utvida 1492-utgåva fekk Arndes laga eit sett med tresnitt som vart nytta som illustrasjonar til kapitla. Kapittelet om Olav den heilage opnar med eit tresnitt som syner skipet til Olav medan det kløyver eit berglendt terreng. Dette syner ein episode frå legenda, kor Olav freistar å nå Danmark før broren, Harald Hardråde, for å verte krona til konge. I følgje legenda var det slik Øresund vart skapt.

  • 1/1
    Syddansk Universitetsbibliotek RARA M 15, fol.89v (detalj) (foto: Steffen Hope)