I Hedalen stavkyrkje står der framleis eit relikvieskrin frå mellomalderen. Skrinet er forma som som eit kyrkjebygg med to langsider og to kortsider. Frå kvar gavl stikk det fram eit drakehovud, og på midten av mønet står det ein såkalla patriarkkross eller dobbelkross.
Der er seks ulike scener som utspelar seg på relikvariet. Eine langsida syner drapet på Thomas Becket, erkebiskop av Canterbury, som vart myrda i 1170 og helgenkåra i 1173. Over denne scena finn vi ei framstilling av dei tre vise menn som kjem med gåver til Jesusbarnet. Den andre langsida syner Jesu krossfesting, og på taket ser vi Jesus på himmeltrona omkransa av symbola til dei fire evangelistane. På den eine kortsida ser vi Sankt Peter med nøkkelen til Himmelriket, og saman med han sit ein annan mannleg helgen som truleg er apostelen Paulus. Den andre kortsida syner Olav den heilage med øksa over eine skuldra, og apostelen Jakob den eldre utkledd som pilegrim. At Olav vert framstilt med øks er typisk for olavskunsten i denne perioden.
- 1/1
Relikvieskrinet i Hedalen stavkyrkje. Ragnar Utne, Riksantikvaren
Skrinet i Hedalen er datert til kring 1250. Det er truleg laga i Noreg, og mest truleg i Bergen. Ei båre av tre som også framleis finst i stavkyrkja syner at skrinet vart bore i prosesjonar på enkelte dagar i kyrkjeåret. Sjølv om skrinet overlevde reformasjonen verkar det for at det har blitt tolka på litt ulike måtar opp gjennom tidene. På 1700-talet vert det omtala som «St. Olufs skrin», og det vert sagt at det inneheldt ein olavsrelikvie.
Ettersom den eine langsida syner drapet på Thomas Becket er det meir truleg at skrinet inneheldt ein relikvie frå Sankt Thomas heller enn frå Olav. At Olav vert inkludert i biletprogrammet på skrinet er likevel eit vitnesbyrd om kor viktig helgenkongen var i norsk helgenkult i mellomalderen, ettersom han opptrer saman med ei rekkje bibelske figurar.
- 1/1
Eine kortsida på relikvariet, med Jakob den eldre og Olav den heilage. Foto: Ukjend; Riksantikvaren.