Hopp til hovedinnhold

Tord Foleson

Tord Foleson. Tekst av Per Sivle.

Tone nr. 187 fra Tonesamling til "Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag" av Olaus Alvestad.

Dei stod på Stiklestad, fylkte til strid, 

den gamle - og så den nye tid: 

det som skulle veksa mot det som skulle siga, 

det som skulle falla mot det som skulle stiga. 


Så drog dei sverdi i same stund, 

den bjarte kong Olav og den grå Tore Hund. 

Og herropet dunde, så jordi ho dirra, 

og spjuti dei suste, og pilene svirra. 


Men så er det sagt at en gasta kar, 

Tord Folesson, merket hans Olav bar. 

Og denne Tord merkesmann, honnom me minnast 

så lenge i Noreg merkesmenn finnast. 


Då Tord han kjende han banesår fekk 

der fram i striden med merket han gjekk, 

da støyrde han stongi, så hardt han kunne, 

i bakken ned, før han seig innunde. 


Og gamle soga, ho seier so 

at Tord han stupte, men merket det stod. 

Og såleis må enno den kunne gjera 

som framgangs-merke i Noreg skal bera. 


Mannen kan siga, men merket det må 

i Noreg si jord som på Stiklestad stå. 

Og det er det store, og det er det glupe, 

at merket det stend, om mannen må stupe.

Referanser

Norsk songbok for ungdomsskular og ungdomslag. Utarbeid av ei nemd besående av Prost B.Th. Anker, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland og folkehøgskulestyrar Ingvald Forfang. J.W. Cappelens forlag 4. opplaget. Godkjend av Kyrkje og Undervisningsdepartementet 1. april 1941.


Olavssporet er sendt inn av Borghild Lundeby

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2