Over hele Norge spilles det spel med hvor Olavs historie er utgangspunktet for handlinga.
Giskespelet
Giskespelet handlar om Arnesønene frå øya Giske på Sunnmøre, som har ein sentral plass i Snorre Sturlason si dramatiske forteljing om Heilag-Olav og fødselen av nasjonen Noreg.
Giske i vår nasjonale historie
Snorre presenterer dei som sønene til Arne Arnmodsson, mektig og gjev, lendmann og kongens gode ven på Giske. Arne har sendt sønene sine i kongens teneste og har i tillegg knytt sterke alliansar både sør og nord langs kysten.
To av Arnesønene, Torberg og Arne, er gifte med døtrene til vestlandshovdingen Erling Skjalgsson, og Arne si dotter Ragnhild er gift med nordlandshovdingen Hårek på Tjøtta.
Snorre skriv vidare at Arnesønene Kalv og Finn var hjå kong Olav i stor ære på den tid då kongen gjer Kalv til sin lendmann i Inn-Trøndelag. Når Finn etter kvart vert lendmann på Austrått og Ut-Trøndelag, er Arnungane og Giske-ætta ein sentral del av kongens maktbase langs heile “Nordvegen”.
Lojalitet, slekts- og vennskapsband vert heile tida sette på prøve, og frå England prøver Knut den Mektige på alle måtar å få gjort Olav sitt norske kongerike til ein del av Danmark igjen. Når kong Olav til slutt må røme landet og Kalv Arneson blir opprørsleiar, er Finn, Torberg og Arne av dei som særskilt blir nemnde som kongens næraste menn, på flukt, i eksil i Gardarike og til slutt som leiarar for kongshæren på Stiklestad. Her er Finn Arneson kongens mest fortrulege, draumetydar og rådgjevar.
På dramatisk vis vart brørne splitta i synet på kongen, og møttest til slutt, bror mot bror på Stiklestad, Finn, Torberg og Arne Arneson fremst i kongshæren og Kalv Arneson fremst i bondehæren. Kongen og Giske-ætta taper, landet vert lagt under Danmark att, men på forunderleg vis snur stemninga. Taparane vert vinnarar, Giske-ætta samlar seg att, og Tora Torbergsdotter frå Giske blir stammor til den norske kongsætta.
Torberg Arneson sitt barnebarn, fredskongen Olav Kyrre, grunnlegg Bergen og byggjer den store Kristkyrkja i Nidaros. Oldebarnet byggjer marmorkapellet heime på Giske, medan tippoldebarnet, Erkebisp Øystein, gjer Kristkyrkja til Katedral og Noregs nasjonalheilagdom.
Stiftinga Giskespelet vart stifta av innbyggarane på Giske i 1995 for å gjere historia om Arnungane på Giske levande og kjend, både lokalt og nasjonalt. Sidan då har spelet blitt dramatisert, gjenfortalt, nytolka og gjenopplevd anna kvart år, av meir enn 2000 aktørar og 40 000 tilhøyrarar. Helga før jonsok annakvart år, går øya igjen tusen år attende i tid, til vikingetid.
Vi står framfor to store nasjonale jubileum i dei komande åra. I 2024 er det 1000 år sidan Olav Haraldsson fekk Kristenretten vedteken som norsk lov på alle tingsamlingar rundt om i landet., og i 2030 er det 1000 år sidan slaget på Stiklestad. Begge desse jubilea vil reise spennande debattar om norsk og europeisk rettstenking som grunnlag for menneskerettar og demokratiutvikling.
Giskespelet legg no opp speleplanen vår slik at vi vil ha spel i jubileumsåra og bli med og kaste lys over grunnleggande og brennaktuelle spørsmål også i dagens samfunnsutvikling.
Originalmanus er skreve av Johannes Hegglund.
Olavssporet er sendt inn av styreleder i Stiftinga Giskespelet, Britt Giske Andersen. Tekst av Arne Tunheim.